O M H E F T E
Historikk
Den store offersteinen ved bassenget vitnar om busetnad i mange år på Hefte. Noko av det fyrste nedskrivne finn me frå 1332 då kyrkja gjev fullmakt til Bjørn Steinarsson å krevje noko jord frå arvingane etter Håvard på Hefte eller Heptini (godt beite) som staden vart kalla. På 1500-talet eig både kyrkja og kongen noko av jorda. I 1562 var det stort klyngetun i tre rekker på Hefte som brann opp med unntak for ei løe. Det var så vidt folka fekk redda seg. Bl.a. eit drikkehorn frå 1400-talet som i dag ligg på Nordiska museet i Stockholm, vart redda. I 2005 var me i Nordiska museet og tok bilete av hornet som har motiv av Samsons kamp med løva - i ein oval medaljong. Hornet vitnar om at det har vore festleg lag i mange år på Hefte. Me nyttar bilete av hornet som vår logo.
I 1664 kom kong Fredrik den III sine menn til Hefte for å registrere Samson, Aslak og Endre i manntalet til den eineveldige kongen i Danmark-Norges hær. På 1700 –talet på stølen var det så «bjørnsgjengt at dei torde ikkje gå frå beisti, men låg på florlemmen der um nettene». I 1808 vart den uvanleg kraftige odelsguten Lars Åmundson teken med i Napoleon sin hær kor han døydde av sjukdom. Mange som ikkje hadde odelsrett reiste til Amerika på 1800-talet. Siste var Lars Ivarson i 1912 som reiste til Chicago for «bedre forteneste».
Heilt sidan 1600-talet har mange mannfolk på Hefte vore kalla Åmund, slik odelsguten heiter også i dag. I 1782 skifte Åmund garden mellom sine to søner Knut (77/3) og Bjarne (77/1). Åmund Bjarneson (f. 1787) fekk tre born. Dottera Ingebjørg (f. 1821) var gift med Knut M Ukvitno som dreiv med skreddararbeid og vevskeibinding. Han reiste både til stavangerkanten og Nordland for å selje vevskeier. Verfaren hans skøytte garden til Knut i 1845 som fekk dei fire borna Åmund (f. 1846), Mats, Brita og Olav. Denne Åmund er farfar til Åmund Hefte som me overtok etter. I 1865 budde det 35 menneske på garden som hadde 4 hestar, 32 storfe, 74 småfe, 79 tønner korn og 56 tønner poteter. I 1884 var det eit nytt skifte der teigane og skogen vart delt etter storleik og verdi slik me ser eigedomsgrensene i dag.
I 2007 overtok me garden på odel etter besteforeldra til Gro Janne som heitte Johanna og Åmund Hefte. Saman gjennomførte me omfattande renovering, vedlikehald og nybygging dei fyrste fem åra. Draumen om å invitera forsagte vener og familie til bryllaup når det grøvste var "ferdig" vaks fram.
Sommaren 2012 hadde me vårt draumebryllaup med 140 gjestar på låven. Det var fantastisk å endeleg koma i mål etter intense månadar og år med bygging og planlegging. Det vart eit eventyrbryllaup for oss med fantastiske tilbakemeldingar.
Me har lenge vurdert å leige ut heile eller delar av garden for å få inn kapital til vedlikehald og fullføring av planar. Våren vart me kontakta av to ulike par som lurte på om dei kunne få gifte seg på Hefte. Bryllaupa vart eventyrlege og ryktebørsen førte fort til at det vart fullbooka sommaren 2016. Me som no har garden på lån, tykkjer det er svært kjekt at fleire vil feira den store dagen på Hefte.
Praktisk informasjon
Me leiger ut lokaler i naturskjønne omgjevnader. Brudeparet bestemmer opplegg kring mat, drikke, pynting og konsept sjølv. Me er sjølvsagt behjelpelige med tips, innspel samt naudsynte kontaktar om det er ynskjeleg. Låven inneheld det som trengs til eit bryllup; lyd mikrofon, service til 100 personar +, runde el. firkanta bord, litt bryllupspynt osb. Det er toalett, bar, dansegolv, lounge og eit kjøkken der ein kan anrette mat.
I Våningshuset er det ca. 20 sengeplassar fordelt på 9 soverom. Tunet og uteområda er svært godt eigna til førfest fredagen.
Dei som booker helg hjå oss får oversendt praktiske tips og info i samband med bryllupsarrangement på Hefte.